Hopp til hovedinnhold
21/7-12: Minnesmarkering 22. juli - Sogn og Fjordane
DU er hjarteleg velkomen til 1-års minnemarkering for 22. juli. Markeringen startar laurdag 11. august 2012.

Laurdag 11. august 2012

17.00: Avduking av minnesmerke i Stryn sentrum, parken sør for omsorgsenteret v/ Fylkesmann Anne Karin Hamre, ordførar Sven Flo og Khamshajiny Gunaratnam frå AUF.

Etter avdukinga vert det minnekonsert og enkel servering i Stryn kulturhus.

 

Søndag 12. august 2012

10.00: Minnemarsj over Flofjellet, frå Vollset til Flo.

Det vert organisert busstransport frå Flo kl. 08.30 frå Stryn kl. 09.00 til Vollset før marsjen, og frå Flo ca kl.15.00 til Stryn og Hellesylt/Vollset etter marsjen.

12.00: Friluftsgudsteneste ved skihytta på Flofjellet.

Etter gudstenesta vert det grillmat ved regional støttegruppe for 22. juli.

Deltakarpris: Buss t / r + mat + minnenål:
Vaksne kr 200.- born kr 100.-

Berre marsj + mat + minnenål: vaksne kr 100.- born kr 50.-

Påmelding innan 1. august til:
Stryn kommune 57 87 47 00 eller Stranda kommune tlf. 70 26 80 00. Ved påmelding må du seie frå om kvar du skal stige på/av bussen.

Vi oppmodar alle til å nytte busstransport, då det ikkje er mogeleg å parkere privatbilar på Flo.

Overskotet går til Regional støttegruppe for 22. juli.

Arr: OPPSTRYN SOKNERÅD i samarbeid med Stranda kommune, Sunnylven sokneråd og Regional støttegruppe for 22. juli.


Tilbake