Hopp til hovedinnhold
25/3-14: Referat frå styremøtet 7. og 9. mars 2014
Samandrag av ref. frå møte i fylkesstyret Støttegruppa 22.juli Møre og Romsdal 7. og 9.mars 2014.

Nytt frå nasjonal støttegruppe:

Ref. frå møte nr. 1 21. januar 2014

neste styremøte i NSTG er: 21. mars 2014

 

Fylkesleiarsamlinga på Sundvollen 21.3-22.3 2014. Fylkeslaget i Møre og Romsdal vil vere representert med fleire medlemmar her i tillegg til Hege og Sveinung som møter også for NSTG.

 

Årsmøte 23.3 2014: Fylkesstyret oppmodar fleire medlemmar om å møte. Fylkeslaget vil dekke utgifter til reise og opphald for medlemmane våre, både for årsmøtet og fylkesleiar samlinga. Valkomiteen ynskjer namn på kandidatar til styret i NSTG med frist 15.3.

 

Møte i samarbeidsorganet HD 19/12 -13. Referat ligg føre.

 

Minnestadane. Det nasjonale minnesmerke på Sørbråten v/ KORO : Val av kunstnar og uttrykk  er publiserert på nett og i media. Dette er ein demokratisk prosess styrd av regjering  der  NSTG er tatt med på råd.

 

Minnestad Utøya; Kort info frå Kolbein: AUF styrer denne prosessen. Frist 15. mars når det gjeld innspel til AUF. Fylkesleiarane blir presentert for ein stad på Utøya på fylkesleiar- samlinga 21. mars. Når staden er bestemt blir det utlyst konkurranse.  Det er ikkje bestemt om det vil  bli ei lukka el. ei open konkurranse.

 

NSTG har søkt om midlar frå HOD.  Ved overføring av midlar frå NSTG til fylkeslaga,  stiller ein krav om min. 4 likemannsaktivitetar, inkl. årsmøte. 22.juli markering er inkludert i disse aktivitetane. Handlingsplanen vår må ev. justerast i forhold til dette.

 

Møte med AUF 5. mars ang årsmarkeringa. Ifølge Lisbeth Røyneland var møtet positivt. Statsministeren blir invitert ilag med Jens Stoltenberg til kransnedlegging. Årsmarkeringa blir eit samarbeid med AUF. Markeringa i Regjerings kvartalet vil få eit meir offisielt preg, for å dempe media fokuset på Utøya.

Praktisk info og fordeling av arbeidsoppgåver i høve årsmøtet og likemanns samlinga 8.mars.

Markering/plan for minnesteinane i Ørsta, Sula og Ålesund 2014.

Hege og Sveinung har tatt denne saka opp i NSTG, utan at den har fått noko framdrift. Hege vil ta saka opp på fylkesleiar samlinga,  for å få ev. innspel frå andre.

Fylkesstyret diskuterte rekneskap og budsjett 2014, på bakgrunn av endringar vedtekne på årsmøtet 8.mars. 2014. 

Margun V. Romestrand,  sekretær.


Tilbake